Lokal kraft, lokal pris - for innbyggjarar i Aurland kommune

Den rimelege konsesjonskraftavtalen i Aurland kommune gjer at alle husstandar, hytteigarar og næringslivet i Aurland får tilbod om gode straumavtalar.

Du har val mellom straumpris med binding 1 år, eller straumpris utan binding. Du betalar same pris for kilowattimane i heile avtaleperioden. Prisane inkluderer elsertifikat og mva. Frist for å bestille straumprisen med binding for eksisterande kundar er 31.01.2025. Resten av året er kun kraftavtale utan binding tilgjengeleg.

Straumavtalane er kun tilgjengeleg for kundar med målepunkt i Aurland Kommune.

I kommunestyret i November i Aurland kommune vart det vedteke prisar for levering av straum til innbyggarane i 2025. Sjå prisar i boksane under.

Eventuell statleg kompensasjon gjennom straumstøtteordninga vert trekt ifrå på nettleige delen av faktura frå Aurland Energiverk AS. Aurland Energiverk AS har gjennomfakturering med netteigar Sygnir AS.

Aurlandsavtalen med binding:

32 øre/kWh + 8 øre/kWh mva = 40 øre/kWh inkl mva

Avtalen har binding ut 2025.

Denne er ikkje tilgjengeleg for eksisterande kundar etter 31.01.2025

Klikk her for avtalevilkår

Aurlandsavtalen utan binding:

50 øre/kWh + 12,50 øre/kWh mva = 62,50 øre/kWh inkl mva

(Denne kan bestillast heile året)

Klikk her for avtalevilkår