Om Sogn Energivekst (SEV)
Frå 1. januar 2025 går selskapa Aurland Energi og Lærdal Energi inn i Sogn Energivekst AS (SEV). Saman skal dei tilby kraftsalg for kommunane Lærdal og Aurland, i tillegg til å drifte aktivitetane rundt Okken Kraft.
Sogn Energivekst (SEV) er eit selskap som leverer drifts- og administrasjonstenester for eigarskapen innan kraft og energi i Aurland og Lærdal. Selskapet samarbeider tett med Okken konsern og Sognekraft for å utnytte synergiar og byggje eit solid fagmiljø for forvaltning og utvikling av kraftressursane i regionen.
Med tre tilsette og spesialisert kompetanse innan kraft, økonomi og prosjektleiing, arbeider Sogn Energivekst for å sikre effektiv drift, auka inntening og utvikling av nye arbeidsplassar i lokalsamfunnet.
Selskapet har ansvar for oppgåver som rekneskap, budsjettering, kraftomsetning, og konsesjonskraft, og dei handterer drift og prosjektøkonomi for fleire kraftverk i området, inkludert Stuvane, Fosseteigen, Tynjadalen og Leinafossen kraftverk.
